Torsdag ettermiddag gjekk det eit ras i Risnesvegen, opplyser Bergen kommune.

Vegen er stengt mellom Romslovegen 351 og Risnesvegen 41.

Vegen haldast stengt til ut i neste veke, fordi ein geolog har fastslått at det er utrygt å rydde no.

– Det er ein del vatn i terrenget, så det arbeidet er litt vêravhengig. Vi må nok rydde i fjellsida og fjerne tre, og gjere andre ting som viser seg nødvendig, seier Arild Gundersen som er seksjonsleiar for vegdrift i Bergen kommune.

Steinane som rasa ned var ein del av eit fjellparti som allereie var bolta fast.

– Det er rimeleg spesielt at dei fall ned. Boltane var slitt ut av fjellet, fortel Gundersen.

Bilete frå staden viser at fleire større steinar ligg på vegen og at asfalten er skada.

I november i fjor gjekk det eit cirka 10 meter breitt jordras på Romslovegen. Berre ein liten mur stod mellom raset og E16.