Torleif Tyssebotn bur på Raudberget ved Tysse, og tidleg fredag morgon såg han noko svært som flaut ute på fjorden.

- Eg tenkte ikkje noko meir på det først, og tenkte at det kom til å reka mot land, seier han til Bygdanytt.

På fisketur

Tyssebotn er hobbyfiskar og sette seg i båten for å dra lina sin hadde stått ute om natta. Etter at fangsten var komen i båten, oppdaga han kva han hadde sett tidlegare på morgonen.

- Det var ein svær klase med ballongar som låg i fjøra. Slike ballongar er ein uting, brummar Tyssebotn som fann ballongane ved Drangevåg mellom Tysse og Fotlandsvåg.

Tanken var å få dei med i båten, men ballongane var så mange i talet at det måtte bli med tanken.

Det var BT som først omtalte saka.

Plast i sjøen

Torleif Tyssebotn har fått med seg debatten rundt plast og heliumsballongar, og er svært kritisk til ballong-tradisjonen på 17. mai.

- Helium er ein avgrensa ressurs, og dette er ein meiningslaus måte å bruka grunnstoffet på, seier han.

- Som hobbyfiskar, finn du ofte plast i fisk i Osterfjorden?

- Nei, men eg ser jo at plast i sjøen. Og det bør det ikkje vera, seier han.

Tyssebotn vil ta kontakt med Osterøy kommune for å varsla om ballong-forureininga i Drangevåg.