«Backstage» fann me denne strileduoen: Tor og Bjørn. Førstnemnde fortel at det ikkje er berre berre å kutte songar frå showet:– Vi har ein ballade som heiter «Reis meg opp», som vi prøvde å kutte ut eit par gonger. Då var det nokre damer som sa: «Vi har betalt billett, så syng du ikkje «Reis meg opp!», seier Tor Endresen og humrar.

Bjørn Jensen og co. fekk skuta til å gynge

Nei, da blir truleg ikkje noko haisommar på Valestrand denne sommaren. Men onsdag kveld var det likevel ikkje heilt trygt i hamnebassenget på Valestrand då «ferjo» Sjøscenen og Ausekarane hadde lagt seg til kai med sitt show «Kaisommar».