Ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF) har lenge hatt lyst til å få laga ein promoteringsvideo for Osterøy. Ein video frå lufta som viser noko av kva Osterøy kan by på. Frå sør til nord, frå vest til aust.

Den sjansen blei høgaktuell då han kom i kontakt med Mathias Haughom, ein klassekamerat med yngste dottera til Skeidsvoll på Framnes kristne vidaregåande skule.

– Eg hadde sett dronevideoar han hadde laga tidlegare, videoar som held høg kvalitet. Eg tok kontakt med han og lufta tanken om å laga ein video på nokre minutt der det gjekk fram kor flott kommune Osterøy er. Og det har han verkeleg greidd, slår Skeidsvoll fast.

Dårleg dronevêr

Men, å filma frå lufta med drone krev det rette veret. Det har det ikkje vore så mykje av i sommar, men den unge karen var på Osterøy 15. og 16. juli, der begge dagane hadde upåklageleg ver.

– Haughom har laga ein flott video der han har fått med mange av landemerkene i kommunen. Absolutt alt kommunen har å by på av flott natur og flotte plassar har han nok ikkje fått med, men han han sveipa over store deler av kommunen og fått med mykje i løpet av dei tre minutta videoen varer.

Kva som har fått plass på videoen skal ikkje Bygdanytt røpa alt av, men eit godt tips kan vera å sjå videoen på storskjem i mørkt rom og fly som ein fugl over Bruviknipa.