Dei 17 siste åra har det vore 338 ras og 30 dødsulukker på vegen E16 mellom Arna og Voss. På jernbanen har det dei siste tiåra i snitt vore 25 ”hendelser, ras og utglidninger” pr. år; i snitt ca. 2 i månaden.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kalla inn til pressekonferanse i Arna 28. februar i år for å koma med ”lekkasjar” frå komande Nasjonal Transportplan (NTP).

Det var forventa at han ville orientera om status for K5 Veg og bane Arna – Voss, og presentera forslaget om tidspunkt for oppstart av første byggesteget Arna – Stanghelle.

Orienteringa var ein nedtur. Rett nok var K5 med i NTP, men oppstart for byggearbeidet var utsett til andre perioden i NTP, og dermed var det heller ikkje forpliktande finansiering.

Eg har vore KrF-politikar i mange år, og eg forstår godt at reisande tek kontakt og spør om det er truverdig av ein samferdselsminister å ha pressekonferanse 08.12.2015 og orientera om at K5 var valt for bygging av veg og bane Arna – Voss med byggestart i første NTP-perioden (frå 2018), og så, vel eitt år seinare (28.02.2017), orientera om at byggestart er utsett til andre perioden i NTP.

Mange reisande kjenner seg urolege og utrygge. Det er vondt å verta minna om ras og dødsulukker på den rasfarlege strekninga Arna – Voss, og tenkja på pårørande som slit med sorg og sakn.

For at ikkje fleire menneskeliv skal gå tapt, hastar det med å starta bygginga av ny trygg veg og bane.

KrF hadde fylkesårsmøte 17. mars i år der partileiaren vår, Knut Arild Hareide, var til stades. Fylkesårsmøtet vedtok samrøystes ein resolusjon som seiar at KrF stiller seg bak kravet om at K5 må realiserast med oppstart i 2021!

Dette er ei tydeleg melding om Hordaland KrF sitt krav når NTP skal behandlast i Stortinget! På fleire strekningar ligg veg og bane så nær kvarandre, at eitt ras kan føra til stenging av begge samtidig. Det kompliserer arbeid med oppreinsking og sikringstiltak. Dei siste åra har det vorte registrert fleire nye rasutsette plassar, og i tillegg går det oftare ras no enn tidlegare på kjende raspunkt.

Dei verste raspunkta er sikra, men i utsette periodar med kraftig nedbør, oppstår det stadig nye stengingar på hovudsambandet mellom aust og vest.

Både veg og bane i vårt fylke kjem svært dårleg ut på reisetider, samanlikna med andre nærområde til større byar. Det er spesielt å tenkja på at delar av jernbanetraseen som vart bygd før opninga av Vossebanen i 1883, framleis er i bruk i dag, og har fartsgrenser heilt ned til 40 km/t!

Dårlege trasear og farlege, rasutsette vegar og bane er ein stor belastning for både person- og godstrafikk. Det gjeld ikkje berre nærområdet, men også hovudsamferdselsåra mellom viktige destinasjonar både i aust og vest, og mellom dei to største byane i Noreg.

Det fortel litt om alvoret i saka når fleire statsrådar og statsministeren har hatt møte og/eller møtt fram på rasstadane. Eg kan nemna: tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete, tidlegare samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Han har kome her eins ærend mange gonger. ”Dette er en uholdbar situasjon”, sa statsråden i mai 2015 til bekymra innbyggjarar i Vaksdal. Han uttalte vidare at det er uråd å rassikra desse områda. Det må difor byggjast ny veg og ny bane, og det hastar.

8. desember 2015 kom samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og næringsminister Monica Meland til Arna for å orientera om K5 Veg og bane Arna – Voss, med Arna – Stanghelle som første byggesteg tidleg i NTP-perioden. Dette skapte spontan glede og forventning! Eg lurte på om eg skulle ta utskrift av dei to statsrådane sine innlegg og setja dei i glas og ramme! I juni 2016 var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statsminister Erna Solberg på synfaring etter det store raset ved Bolstad. Statsministeren sa: ”Jeg skjønner folks iver etter å få en ny vei på plass, og vi skal bygge den så raskt som mulig. Jeg forstår utålmodigheten, men dette må planlegges ordentlig.”

28. februar 2017 kom samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen igjen til Arna. Ikkje for å stadfesta tidlegare lovnader, men for å orientera om NTP der realiseringa av K5 var utsett til andre periode i NTP, og finansieringa var dermed også uklar. I ettertid har samferdselsministeren kome med ulike grunngjevingar for utsetjinga. I samsvar med EU sitt tunneldirektiv, som trer i kraft i 2019, er det planlagt å bruka fleire hundre millionar kroner på å oppgradera jernbanetunnelar på strekninga Arna – Voss. Ved å realisera K5 i første periode i NTP, kan det kanskje gjevast dispensasjon frå tunneldirektivet, slik at ein slepp å oppgradera tunnelane til Stanghelle. Dersom det ikkje vert gitt dispensasjon, kan utsetjinga av K5 føra til at investeringar på fleire hundre millionar kroner i ettertid er bortkasta. (Rassikring og utbetring på veg kan derimot koma til nytte dersom vegen skal vera i bruk som lokalveg/avlastningsveg etter at nye vegprosjekt er ferdige.)

Eg kjenner statsministeren vår, Erna Solberg, heilt frå hennar tid i bystyret i Bergen. Det var semje mellom politikarane om at Erna alltid var godt førebudd, flink til å finna samlande løysingar, og ho heldt alltid avtalar og lovnader. Mitt utgangspunkt er at ho som statsminister framleis er den folkelege, dyktige og tillitsvekkjande Erna Solberg som held det ho har uttalt og lova. Realiseringa av K5 tåler ikkje utsetjing til andre periode i NTP. Når regjeringa har levert sitt forslag til NTP, er det Stortinget sitt ansvar å gjera endeleg vedtak.

Vår von er at det i den vidare saksbehandlinga vert tenleg kontakt mellom Stortinget og regjeringa, og at det vert eit solid fleirtal i Stortinget for at K5 skal realiserast med byggestart seinast i 2021!

Ingmar Ljones - tidlegare ordførar i Bergen og stortingsrepresentant