Over to dagar har fleire etatar hatt felleskontrollar for å sjå om turbussnæringa på Vestlandet gjer regelbrot som får konsekvensar for trafikktryggleiken, svart økonomi og sosial dumping.

Under kontrollane blei det skreve ut 32 meldingar til politiet og det var 57 brot på reglane for køyre- og kviletid, opplyser Statens vegvesen.

– Vi har vore på Romslo, Håbakken, Flåm, Brimnes, Kjøs, Olden, Hellesylt og i Bergen, og resultatet frå kontrollane var ikkje overraskande. Den er i tråd med det vi har sett tidligare, seier seniorrådgjevar Frode Kvalstad frå Krimseksjonen i Vegdirektoratet i ei pressemelding.

Det har vore om lag 95 tilsette i sving dei to dagane.

– Vi har dessverre sett ein negativ utvikling over tid når det gjeld brot på reglar innanfor eit breitt område. Når vi målrettar kontrollane våre så klarar vi å luke ut dei som bryt reglane, seier Kvalstad.