På skuleplassen i Haus på Osterøy er det komen ein ny, fargerik benk. Det er ikkje ein vanleg benk, men ein vennebenk.

- Om nokon er åleine og ikkje har nokon å leike med, kan dei sette seg der og så kjem det andre og set seg i lag med deg, forklarar Pia Ingebjørg Vevle.

- Så vi vil eigentleg at den skal vere tom mest mogleg.

Høgtideleg avduking

Haus skule er ikkje åleine om å ha ein slik benk. Ideen kom frå ein i elevrådet si mormor.

- Ho hadde sett bilete av ein vennebenk på Internett, seier Kristian Romslo.

Han sit i elevrådet og tok ideen med seg vidare til dei andre. Ideen slo an og førre veke var det høgtideleg avduking av benken med fanfare, kjeks og tale.

Ei i klassen min har brukt den, men det er berre eit rykte eg har høyrt.

- Er det nokon som har brukt den?

Dei ti medlemmane i elevrådet ser på kvarandre før praten startar.

- Mange prøvde den i starten for å kjenne korleis det var.

- Eg trur ikkje nokon einsame har sete på den.

- Jo, av og til, sikkert.

- Det satt ei jente der i stad.

- Eg såg …. der i går.

- Ei i klassen min har brukt den, men det er berre eit rykte eg har høyrt.

Nye leikeapparat

Det er elevrådet sjølve som har betalt for benken med midlar dei har samla inn frå ulike aktivitetar. Benken er laga av  VTA-bedrifta (varig tilrettelagt arbeid) Opro på Hauge.

Jorunn Haukås er lærar og leiar for elevrådet. Ho er full av lovord om elevane, som også har samla inn pengar til leikeapparat.

- Eg synest det er eit veldig fint initiativ. Elevrådet er flinke til å kome med idear som dei jobbar med og får realisert, smiler Haukås.