Med god hjelp frå både foreldre og brødre opna dei to gode venene kiosk torsdag for å selja feske bollar, saft og kaffi til borna som lever i krig i Syria.

Ikkje noko å seia på prisane dei to venene opererte med. Foto: Randi Hole Styve

Og med så god hjelp fekk dei til akkurat det dei hadde tenkt, opplyser Randi Styve Hole, som er mor til Tarjei.

– Dette var eit flott tiltak av to små, men samfunnsengasjerte, sjarmørar. Dei fekk inn 500 kroner på ein time, og pengane blir sette inn på kontoen til Redd Barna, merka med Born i Syria, seier Hole.