EI SISTE PARKERING: Her på Rolland har folk mellom anna sett frå seg eit bilvrak og ei campingvogn. Foto: Ernst Olav Åsheim

Parkeringsplassen ligg like ved avkøyringa til Gjerstad frå Osterøyvegen på Rolland på Osterøy.

Her har folk mellom anna sett frå seg eit bilvrak og ei campingvogn. Elles ligg det strødd med søppel på staden, berre fem minuttar frå Bir sin gjenvinningsstasjon på Hauge.

– Det ser jo heilt jævleg ut, seier Ernst Olav Åsheim, som gjekk tur ved staden og har sendt bilete til Bygdanytt.

Han ramsar opp barnevogn, bildekk og anna avfall som ligg strødd på parkeringsplassen.

Bosset flyt rundt den offentlege plassen. Foto: Ernst Olav Åsheim

– Eg pleier ikkje å gå der, men eg kan ikkje hugse at det har vore så ille før. Det ser heilt forferdeleg ut, seier Åsheim.

Bir skal sjekka

Bygdanytt har sendt bileta til Bir som er heilt einige med Åsheim om at det ikkje skal sjå slik ut på offentlege parkeringsplassar.

Bir gjekk i 2015 inn i eit samarbeid med seks kommunar, mellom anna Osterøy, som gir Bir mynde frå kommunane til å registrera ulovleg forsøpling og sette til verks tiltak for å ordna opp i det.

Kommunikasjonsrådgjevar i Bir, Tina Skudal, opplysar at det mest sannsynleg er fylkeskommunen og Statens vegvesen som er grunneigarar.

– Vi skal få tatt ein orienteringstur snart og sjå på det, seier Skudal.

MYKJE SØPPEL: – Det ser jo heilt jævleg ut, seier Ernst Olav Åsheim, som gjekk tur ved staden og har sendt bilete til Bygdanytt. Foto: Ernst Olav Åsheim