Heller ikkje i 2017 startar tunneloppgraderinga på E16 i Vaksdal.

For fire-fem år sidan ble den originale belysninga i tunnelane erstatta med mellombels lys og fartsgrensa ble nedsett til 60-sone.

Til Vaksdalsposten opplysar Statens vegvesen at oppgraderinga tidlegast vil skje i 2018.

– Det er berre å beklaga at me nok ein gong har fått ein stoppordre på desse anlegga som me hadde tenkt å starta opp med no. Langhelle— var planlagt i 2016 og Beitlatunnelen i år, seiar prosjektleiar Rune B. Sandven i Statens vegvesen

Overfor Vaksdalsposten forklarer Sandven at den ytterlegare forseinkinga skjer grunna økonomi og usikkerheit rundt traséval for ny veg mellom Arna og Stanghelle i framtida.