Christian Vevle (19) har eit halvt år att av læretida som platearbeidar hos Vevle mek på Hatland. – Det viktigaste for meg er å føre fabrikkarven vidare. Vevle mek er ein flott arbeidsplass med dyktige kollegaer som eg har lært masse av, smiler karen frå Lonevåg. Foto: Anders Totland

Familiebedrifta kor ungdommen får skine

Lærlingar og utplasseringselevar utgjer om lag 30 prosent av arbeidsstyrken til Vevle mekaniske verkstad på Hatland. – Eg ønskjer eit fagmiljø på Osterøy for å halde på og vidareutvikle stolte handverkstradisjonar, fortel dagleg leiar Arnbjørn Vevle.