Kl. 13.26 melder politiet om at ein bil har køyrd av vegen på Garnes og hamna på taket.

Politiet opplyser om at dei har kontakt med føraren. Ho har kome seg ut av bilen og hevdar seg uskadd.

Bygdanytt sin reportar på staden fortel at den eldre kvinna som førte bilen blir tatt hand om av ambulansepersonell.

Mogleg illebefinnande

Eit vitne til ulukka skal ha lagt bak bilen og reagert på køyringa, opplyser Stig Ottestad, politibetjent ved trafikkseksjonen i Bergen.

- Det kan sjå ut som om føraren har fått eit type av illebefinnande, men det må me jobba meir med å finna svaret på, seier han.

Ingen andre bilar var involvert i hendinga, opplyser Ottestad.