– Kaldt og godt, smilar Jacob Evans (4) som stortrivst i sjøen.

Torsdag har så langt vore ein fantastisk fin dag og Evan gledde seg over å endeleg kunne få bade på Holmen i Arna.

Klokka 1400 var Bergen varmast i landet, så langt i dag. Då vart det målt 26,5 grader på Florida. Dette er óg den varmaste dagen i Bergen hittil i år, opplyser Meteorologisk institutt.

Dermed passa det perfekt å kunne kjøle seg ned i litt kaldare vatn.

– Det er kjekkast når det er sol, fastslår Jacob.

Det seier Emilie (2,5) og Celine (6) Bøe seg einige i.

– Det er kjekt med sol og å leike med ballar, meiner Celine.

BAD: Kaldt og godt, konkluderer Jacob Evans (4). Her saman med Emilie Bøe (2,5) og Celine Bøe (6) Foto: Siv K. Berg

– Og leite etter krabber, seier Jacob før han tilbyr Celine og Emilie ei bøtte til krabbefangsten.

– Endeleg har vi fått litt sol!

FINT: Laila Larsen og dottera Rita Larsen konkluderar med at Holmen er ein av dei finaste badeplassane. Foto: Siv K. Berg

Medan Jacob, Celine og Emilie helst vil bade, ønskjer heller Laila Larsen og Rita Larsen å halde seg på land.

– Endeleg får vi litt sol, smiler Laila.

– Du skal ikkje bade, då?

- Nei, eg held meg på land, flirar Laila.

– Eg må vel uti i løpet av dagen, legg Rita til og ser på dei døttrene hennar, Alisha (8) og Celina (10) som kastar seg ut i vatnet.

– Bli med, mamma, ropar Alisha medan Rita hutrar berre av tanken på å skulle bade.

  • Del dine sommarbilete! Merk bileta med #bnsommar17 på Instagram eller send dei til bn@bygdanytt.no

BRRR: Det er kanskje varmt nok på land, men vatnet var litt i det kaldaste laget for Alisha (8) og Celina (10) Larsen. Foto: Siv K. Berg

Både Laila og Rita er optimistar og held fast på trua om at no har sommaren endeleg starta.

– Ja, eg er ein evig optimist. No har vi hatt nok stygt vêr, så finvêret kjem til å vare, konkluderer Laila medan dottera Rita nikkar i einigheit.

Har sjekka badeplassane

Tysdag sjekka vatn- og avløpsetaten i Bergen kommune kvaliteten på badevatna i Arna. På Garnes blei bakterienivået målt til 820.

Kvaliteten blir rekna som god når det er mindre enn 100 bakterier per 100 ml vatn.

Urd Eriksen har fått sommarjobben med å sjekke badeplassane i kommunen. Ho fortel at målingane på Garnes ikkje er noko å vere uroa over.

MÅLER: Urd Eriksen reiser rundt til badeplassane i kommunen for å måle bakterienivået og gradene. Foto: Privat

– Nei, det er framleis akseptabelt og det går fint an å bade der ute no. Det er først når bakterienivået kjem over 1000 at vi byrjar å gjere nærare undersøkingar, forklarar ho og legg til at det truleg er den store nedbørsmengda natt til måndag som er årsaka til det høge talet.

Har trua på betre tal

Kommunen har også målt bakterienivået på Holmen og Kalvtrevika. På Holmen er bakterienivået målt til å vere 200, medan Kalvtrevika er målt til å vere 150.

Når Eriksen besøker badeplassane i Arna neste torsdag, forventar ho å finne langt betre resultat – så sant det ikkje kjem ei ny runde med tunge regnbyger.

– Ja, det trur eg absolutt. Det har stort sett vore veldig bra tal elles i år.

Tysdag målte kommunen også temperaturen i badevatna. Garnes blei målt til 13,3 grader, Holmen 13,7 grader og Kvaltrevika 13 grader.

BADEPLASS: Det var ikkje så mange som hadde tatt turen til Holmen torsdag føremiddag. Truleg blir nok badeplassen fylt opp i løpet av dagen. Foto: Siv K. Berg