Senteret er eigd av Nistad Gruppen AS gjennom selskapet Øyrane eiendom AS. Kjøpet skjer ved DNB-fondet overtar alle aksjane i eigarselskapet.

Øyrane Torg har eit samla areal på 18.300 kvm, der om lag 10.100 kvm er handel og om lag 3.400 kvm er kontorareal.

Senteret har om lag 50 butikkar og serveringssteder, i tillegg ei rekkje andre offentlege og private tenester.

Butikkomsetnaden var i fjor om lag 600 millionar kroner.

600 millionar kr

DNB skriv i ei pressemelding at kjøpet er gjennomført på basis av ein eigedomsverdi på vel 600 millionar kroner.

– Gjennom kjøpet av Øyrane Torg har DNB SPF fått nok eit kjøpesenter i sin portefølje med eit monaleg potensiale, skriv DNB.

Dei legg til at dei ønskjer å føra vidare i same ånd som Nistad Gruppen AS, og dei ønskjer å vera ein aktiv bidragsyter til den vidare utvikling av Indre Arna.

– Vi ser fram til å ta fatt på dette arbeidet, seier Gro Boge, som er adm.direktør i DNB Næringseiendom.

– Ein god pris

Birgit Nistad i Nistad Gruppen opplyser at dei vel å nytta ein historisk god eigedomsmarknad til å realisera Øyrane Torg til ein god pris.

– Samtidig er vi trygge på at senteret får ein eigar som har både kompetanse og kraft til å utvikla senteret vidare i vår and, seier Nistad.

Fondet som no kjøper senteret har ein samla verdi på knappe sju milliardar kroner, og etter kjøpet har fondet ein portefølje på 13 eigedommar innan kontor, handel og hotell.