– Bane Nor er godt nøgd med den vidare løysninga, seier prosjektleiar Hans-Egil Larsen i BaneNor.

Fredag kom samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) med pressemeldinga som slår fast strekninga Arna-Stanghelle skal planleggast som tidligare føresett.

– Eg er opptatt av at infrastrukturprosjekter skal planleggast så effektivt som muleg. Avtalen om planleggingsmidlar til jernbanestrekningen Arna-Stanghelle som Jernbanedirektoratet og Bane NOR no har underteikna, sikrar at prosjektet blir planlagt utan opphald, slik vi har føresett heile tida. Dette bidrar til at bygginga kan koma i gang så tidleg som muleg, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det var under eit valkamparrangement i regi av Senterpartiet på Arna stasjon at Hans-Egil Larsen i BaneNor opplyste at pengesekken til å planlegga Vossebanen var tom frå 1. juli.

Det førte til at BaneNor ikkje kunne halda oppe det ønskja trykket på planlegginga som dei hadde håpa.

Ferdig i 2029

Dette meldte BaneNor frå om til Jernbanedirektoratet, som er BaneNor sin nærmaste overordna. Og dialoen mellom direktoratet og departementet førte fram, og 10. august underteikna direktoratet og Bane NOR ein avtale om planleggingsmidlar for andre halvår i år.

I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt opp til at prosjektet Arna-Stanghelle skal stå klart i 2029. Å få dobbeltspor på strekninga vil gje ei innsparing i reisetida for lokal- og fjerntog på 10-15 minutt, samt at det blir kapasitet til fleire avganger. Prosjektet vil også gi økt kapasitet for godstransport.