– Lokalfotballen engasjerer utruleg mange i Arna og Osterøy. Dei gongene vi skriv om lokalfotballen, blir det lagt merke til. Engasjementet er stort og lesartala er gode, seier Bygdanytt sin sjølvutnemnde sportsmann, Anders Totland.

  • TRYKK HER for å komme rett til resultatoversikt frå lokalfotballen – inkludert lagoppstilling, målscorarar, grafikk og tabell.

Resultatservice

For å ta det neste steget har Bygdanytt derfor «tilsett» ein ny kollega, ein «fotballrobot», som automatisk hentar inn fotballresultat frå lokalfotballen. Denne nye resultatservicen er eit konkret resultat av at Bygdanytt tidlegare i år gjekk frå Schibsted til Polaris sitt tekniske rigg.

I «fotballroboten» vil resultat automatisk komme inn etter kvart som dei blir lagt inn av dei ulike fotballklubbane. Det same vil eit enkelt kampresyme og grafikk med oversikt over spelarar, målscorarar, kort og tabell.

Bygdanytt vil halde fram med å tidvis produsere artiklar frå lokalfotballen og elles skrive om smått og stort frå den lokale sportsverda.

Mindre sportsaker og notiser blir publisert i vår eigen lokalsporten-feed.

  • Om nokon vil sende inn eit lagbilde til oss, kan dei sende det til at@bygdanytt.no

– Bygd mot bygd

– Kva er det med lokalfotballen som engasjerer så stort?

– Det er bygd mot bygd, kollega mot kollega, venner mot venner, venner mot «fiendar». Det er identitet, familie og kjærleik, seier Totland før han legg til:

– Etter ei traust og ordinær arbeidsveke, er det kjekt å komme saman med karane og damene i garderoben for å få ut litt «tenning» og konkurranseinstinkt. Det engasjerer også mange på sidelinja. Det blir aldri så glamorøst og glatt som Premier League og den overbetalte fotballverda – men det er ekte, rått og vakkert, i all slags vind og vêr.

Han vel å avslutte med å vise til eit legendarisk augeblikk frå lokalfotballen:

– Det er berre i lokalfotballen at ein slitar med brot i kneskålfestet likevel kjempar seg med på lagbildet – før han skal vidare inn i ambulansen!

  • Har du tips eller tilbakemeldingar om lokalfotball og lokalsport? Tips oss gjerne på tips@bygdanytt.no

Journalist Anders Totland brenn for lokalfotballen. Send gjerne lagbilde og tips.