Det var i oktober 2017 at eit vogntog og ein buss kolliderte ved Evanger på E16. Sjåføren av bussen, ein 62 år gamal mann, mista livet i ulukka.

Bussen kom over i motgåande køyrefelt. Både politi og Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen meiner det er sjåførfeil som er årsaka til den alvorlege ulukka på E16.

– Ein av dei verste svingane

Ulukkesrapporten til Vegvesenet påpeiker også at vegen bidrog til at ulukka fekk eit så alvorleg utfall som det gjorde, skriv NRK.

Mellom anna fordi vegbana er 6,5 meter brei, at E16 går i ein sving gjennom to tunnelar med berre 80 meter dagsone mellom, og at svingen blir stadig krappare.

– Det er ein av dei verste svingane på E16 på denne strekninga. Spesielt om ein kjem køyrande frå Voss. Det er den første krappe svingen på ei stund, og den blir krappare i kurven, seier leiar Hans Olav Hellesøe i Ulukkesanalysegruppa til NRK.

Kan bli lågare fartsgrense

Eit tiltak på strekninga som kan vere aktuelt, er å setje ned fartsgrensa på ulukkesstaden.

– Men nye kriterium for fartsgrensene er under behandling, så vi ventar på konklusjonane før vi vurderer dette punktet og resten av strekninga, seier sjefingeniør Svein Ringen i veg- og trafikkavdelinga i Vegvesenet til NRK.

Les meir om K5 her.