Fekk du med deg saka om alle heliumballongane som hadde hamna ved Drangevåg mellom Tysse og Fotlandsvåg på Osterøy?

Der ligg dei ikkje lenger, og hovudansvaret for det må Maiken Raknes Schonberg og forloveden Frank Raknes Schonberg ta.

På turen tilbake frå Modalen tok dei rett og slett alle ballongane med seg.

– Båten, som er min bestefar sin, er ikkje så stor. Vi såg ballongane på turen til Modalen, og lurte på om vi skulle ta dei med oss på veg tilbake. Eg sa båten blei litt for liten, men forloveden min, som jobbar i Bir, sa vi måtte prøva. Og båten blei jo i minste laget, ler Maiken.

PÅ LAND: Her er ballongane endeleg på land og klare for å bli mat for Bir. Foto: Maiken Raknes Schonberg.

Dei prøvde å dra ballongane med seg etter båten, men ganske raskt konkluderte dei med at dei ikkje gjekk.

Båten, som er 14 fot, har ein 15 hesters motor. Og med ballongane og tre personar i båten kan ein tydeleg sjå på bildet som Kjersti Myrjord tok at det er trangt om plassen.

Til Bir

– He, he. Det er nok berre eg som er synleg. Dei to andre er godt gøymt mellom ballongane. Turen mellom Fotlandsvåg og Raknes tok om lag 40 minutt. Det var både vind og bølgjer, og det gjekk så vidt framover, ler Maiken.

BORTE: 17.mai-ballongane som hamna i fjøresteinane på Osterøy er frakta til Bir. Foto: Maiken Raknes Schonberg

– Kva gjorde de med ballongane?

– Vi gav bort somme av dei til born vi trefte på, men resten stakk vi hol på og køyrde dei til Bir. Dermed hamna ikkje plasten på havet, der ein trygt kan seia at det er meir enn nok plast frå før, seier Maiken.

Ekkel lukt

– Testa de heliumen? Det er jo litt artig med Donald-stemme.

– Nei, lukta som kom då vi stakk hol på dei var ganske ekkel. Det var lite freistande å pusta inn heliumen.

– De fekk vel nokre lange blikk på veg med alle ballongane?

– Ja, det kan du trygt seia. Eit artig minne både for oss og dei som såg oss, tipper eg, ler Maiken.