For halvannan månad sidan oppmoda eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å innlemma Bergen fengsel si avdeling på Osterøy i den pågåande konseptvalutgreiinga (fagleg utgreiing for større offentlege prosjekt) for Kriminalomsorga region vest.

Slik gjekk det ikkje. I revidert nasjonalbudsjett kjem det fram at regjeringa ikkje vil retta seg etter Stortinget si vilje, men vil gå inn for at fengselsdrifta vert lagt ned frå juni 2019, slik Kriminalomsorgsdirektoratet ønskjer.

– Stikk i strid

Dette reagerer stortingsrepresentant Kjersti Toppe kraftig på, og i Stortinget si spørjetime onsdag spurte ho justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) om dette er ein feil.

– Eller er det noko som har endra seg frå april som kan forklara at regjeringa handlar stikk i strid med stortingsfleirtalet, spurte Toppe.

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) står fast ved avgjerda om at Ulvsnesøy skal leggast ned om vel eitt år. Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Wara viste til at leigekontrakten er sagt opp frå midten av 2019, medan kvu-en for fengselsdrifta på Vestlandet kjem mot slutten av 2019.

– Monalege investeringar

– Skal vi framleis ha eit fengsel på Osterøy krev det monalege investeringar. Dette vil føra leigeprisen frå 730.000 kroner årleg til ti millionar kroner årleg. Når prognosane for det vi treng av fengselplassar i åra framover viser at trongen går ned, vil eg vita i kva fengsel Toppe vil finna pengane som trengst for å oppretthalda Ulvsnesøy, svara Wara.

Det svaret var ikkje Toppe nøgd med, og ho viste til at eit fleirtal i Stortinget ønskjer Ulvsnesøy inn i kvu-en fordi Stortinget då kan behandla heilskapen i saka.

– I tillegg seier styret i stiftinga at dei gjerne tar ein ny diskusjon om ein leigeavtale. Kvifor har ikkje regjeringa vurdert dette, spurte Toppe.

Justisministeren gjentok at Toppe då må peika på kva fengselsplassar ho vil legga ned i staden for Ulvsnesøy.

– Må retta seg

Toppe er langt frå nøgd med svara frå justisministeren.

– Eg blir litt frustrert over svara eg får. Wara seier at forslaget om å få Ulvsnesøy med i kvu-en ikkje let seg gjennomføra. Stiftinga er open for å forlenga leigeavtalen, og dermed er forslaget realiserbart. Heile årsaka til forslaget om å legga ned fengselsdrifta på øya var jo nettopp at leigeavtalen blei sagt opp, seier Toppe.

– Er slaget tapt?

– Sjølvsagt ikkje. Regjeringa må retta seg etter vedtak i Stortinget, og eg reknar med at Krf framleis står fast ved at dei ønskjer Ulvsnesøy inn i kvu-en. Då kan Stortinget vedta at leigeavtalen skal forlengast, og det må regjeringa retta seg etter, presiserer Toppe.

Stortingsrepresentant Peter Frølich (H) har tidlegare opplyst til Bygdanytt at Stortinget løyvar pengar til dei avtalane regjeringa oppnår einigheit i. Med andre ord har i alle høve ikkje Høgre på Stortinget avvist å la Ulvsnesøy leva nokre månader ekstra.